Vi søker lærlingar til fiskeri- og havbruksnæringane
Som lærling i fiskeri- og havbruksfag får du oppleve hverdagen i en bransje som betyr noe – for både lokalsamfunnet og verden. Søk læreplass og bygg kunnskap og erfaring i et yrke som gir stolthet og framtidsutsikter.








⚓ Ombordbesøk på MS Frekøy Viking i Måløy
Ved Måløy Brygge ligg MS Frekøy Viking, snart klar for å setje kursen mot havet igjen. Dei har framleis litt makrell igjen å fiske.
Vi frå OKFH tok turen om bord og hilste på fiske- og fangstlærling Antoni Gusjew han trivest godt ombord og får gode tilbakemeldinger fra mannskapet.
Vi hadde en god prat om opplæringsplanen og Antoni har allereie gjort fleire oppgåver og er komen godt i gang. Skipper Ronny Hjønnevåg er fagleg leiar om bord, men han var ikkje tilstede når vi var på besøk.
Ombord trefte vi også Jarl Magne Silden, han er ein av medeigarane i Frekøy Viking.
No ventar ein friperiode for Antoni, men heilt fri tek han ikkje. 😊 Fredag 16. oktober har han meldt seg på Fiskarkveld i Bergen. Vi anbefaler andre fiskarar som har muligheten til å ta turen, om å melde seg på! OKFH møter sjølvsagt opp og ønsker gjerne og treffe deg.
Vi ønskjer båt og mannskap god tur og godt fiske!
event.checkin.no/230298/fiskarkveld-i-bergen ... See MoreSee Less
⚓ Ny lærling om bord på MS Atløy Viking!
På Johansen slip og mek AS på Raudeberg ligg MS Atløy Viking inne for eit kort verkstadopphald. Dei er no ferdige med makrellfisket, der siste fangsten vart levert på Pelagia Selje i går. Snart går turen nordover på jakt etter NVG-silda.
Atløy Viking har tidlegare vore lærebedrift gjennom OKFH, og no har dei igjen teke om bord ein lærling i fiske og fangst. Den heldige denne gongen er Karoline Ørnehaug. Og vi må vel også seie at Atløy Viking er heldige som har fått Karoline med på laget! 😊
Vi var om bord og hadde oppstartssamtale, og Karoline fortel at ho trivst godt om bord.
Skipper er Rolf Arne Norstrand, Vidar Tviberg er instruktør og Einar Arne Norstrand er fagleg leiar.
Det er kjempeflott at Atløy Viking satsar på ungdommen og tek inn lærling. Slike lærebedrifter er heilt avgjerande for å sikre rekrutteringa til fiskerinæringa.
Vi i OKFH ønskjer Karoline og heile gjengen på Atløy Viking masse lykke til vidare og godt fiske etter NVG-silda!
Atløy Viking ... See MoreSee Less
Tusen takk for invitasjonen til ei strålande lærlingsamling på Skjerjehamn i går! 🐟⚓️
Vi i OKFH fekk gleden av å vere med då Firda Seafood Group Firda Seafood Group samla dei 17 flotte lærlingane sine – fordelt på settefisk, sjø, skipsmotormekanikarar og matrosar.
Dagen baud på eit innhaldsrikt og inspirerande program:
• Kjersti Amundsen ønskte velkomen, presenterte Firda Seafood Group og gjekk gjennom HRM-systemet.
• Øyvind Bøe snakka om sikkerheit, ansvar og læringskultur.
• Samfunnskontakt Øyvind Kråkås delte sine tankar om mediestrategi og bruk av sosiale medium.
• Adrian Solheim-Hansen og Sindre Færøvik frå Firda Shipping heldt eit flott innlegg om samhold, trivsel og utvikling.
• OKFH presenterte Opplæringskontoret si rolle og samhandling.
Takk for kjekke diskusjonar, god stemning og nydelig mat. Vi i Opplæringskontoret set stor pris på det gode samarbeidet og gler oss masse til å følgje alle dei dyktige lærlingane vidare på reisa! ... See MoreSee Less
⚓ Flott lærlingsamling på OKFH i dag! 🐟
I dag var vi samla ein flott gjeng med fiske- og fangstlærlingar på OKFH-kontoret. Det blei gode samtalar, godt humør og ikkje minst jobbing med oppgåvene i opplæringsplanen.
Petter Nikolai Larsen Moldskred var tidleg på plass, men hadde reist før vi rakk å ta bileta. Han er lærling om bord på MS Rolf Asbjørn.
Med på samlinga var også:
Linnea Kjempenes – MS Buefjord
Tirild Haugsdal – MS Frøyanes Junior
Truls Einan Osland – MS Barstein
Cedrik Birkeland Bydal – MS Sjongholmnan
Eric Norstrand– MS Fanøyvåg
Steffen Leknes – MS Øyfjord
Vi på OKFH er svært heldige som får følge ein så flott ungdomsgjeng gjennom læretida! 🙂
Vi ønskjer alle saman lykke til vidare, både med opplæringa og livet på sjøen. Ta vare på kvarandre der ute! ... See MoreSee Less