Viktig melding!!
Søknadsfristar i 2012 for bedrifter og lærlingar
Lærlingar som manglar eksamen i eitt eller fleire fag må hugse at fristen for å melde seg opp til eksamen til våren er 1.februar 2012.
Oppmeldinga skal gjerast på internett.
Les meir på https://www.privatistweb.no/prweb/start.action
Bedrifter som har lærlingar i motormann- , matros- og fiske og fangstfaget kan søkje Stiftelsen Norsk Maritim Kompetanse om tilskot.
Fristen for søknad for hausten 2011 (juli-desember) er 15.februar 2012.
Informasjon om ordninga od søknadsskjema kan lastast ned frå
HAG
Inntak av lærlingar 2012?
Rekruttering av ungdom som ønskjer læreplass er bedriftene sin måte å vise at dei satsar på framtida. Det er og ei solidarisk handling mot dei som ønskjer å bli ein del av næringslivet i Sogn og Fjordane!
Medlemsbedrifter som ønskjer å ta inn lærlingar i 2012 vert bedne om å registrere sine ønskje på vedlagte skjema snarast.
OKFH vil gratulere privatistane i akvakultur- og fiske og fangstfaget!
Alle privatistane frå Sogn og Fjordane som gjekk opp til VK2 eksamen i desember 2011 har no fått melding om resultatet. Vi gratulerer alle med bestått eksamen! Til dels vart karakterane veldig gode. Då tenkjer eg at det har vore lagt ned eit grundig arbeid både av kandidatane og av lærarane ved Måløy vidaregåande skule som har hatt ansvar for kursa!
Neste punkt på karrierestigen blir no fagprøven!!
HAG 11.01.2012
Frøyanes, verdens største autolinebåt.
OKFH var med på dåpsfesten. Båten er no i fullt fiske og alt fungerer etter planen.
Vi har med 2 lærlingar på jomfruturen! Lukke til!
Sjå youtube film frå prøvefisket her,
eller brå byggjeprosessen her.
_____________________________________________________
1 |