Interessert i fagbrev for vaksne? Matros? Akvakultur? Fiske- og fangst

Dersom du har lang yrkeserfaring og ønskjer å ta fagbrev i vaksen alder, finns det råd!

 

Sogn og Fjordane fylkeskommune vil gjerne komme i kontakt med vaksne som har rett fagopplæring og fagprøve. Innan faga akvakultur, matrosfaget og fiske og fangst har det meldt seg interesserte kandidatar. Framleis er det for få til at det vert sett i gang eigne kurs her i fylket. Dersom fleire melder seg vert situasjonen vurdert på nytt.

 

Alle interesserte vert vurdert, men berre dei som ikkje har gått vidare på skule etter ungdomsskulen kjem i den gruppa som utløyser midlar til gratis kurs. Praksis har vore at når kurset først har nok påmelde "med rett", så vil ein fylle opp kurset med andre interesserte.

 

Registrering av interesserte er derfor eit viktig første steg i planlegginga.

 

Meir informasjon om ordninga finn du her.

 

Mari Anne Sundal kan svare på spørsmål om ordninga: 57656222