Fiske og fangst

Utanfor kysten av Noreg, ligg eit av dei mest produktive havområde i heile verda.

 

 

Norske båtar leverte fisk, reker, skaldyr og skjel til ein førstehandsverdi på rekordhøge 21,2 milliardar kroner i 2019. Denne auka på 1,5 prosent frå året før.

 

Totalt eksporterte vi fiskeprodukt for over 107 milliardar kr i 2019. Vi er ein av dei leiande fiskerinasjonane i verda. I tillegg er vi heilt i toppen når det gjeld farty- og reiskapsteknologi.

 

Fiskaryrket er eit av dei mest krevjande yrke vi kjenner. Dei dyktigaste utøvarane finn dei beste fiskefelta til rett tid, i våre dagar akkurat som i gamle dagar. Men det har samstundes føregått ei utruleg teknologisk utvikling. Moderne fiskefarty har vorte høgteknologiske bedrifter som skal fungere under ekstreme tilhøve. Både praktisk og teoretisk kunnskap vert stadig viktigare.

 

Aktuelle yrke

  • Fagarbeidar Fiske/fangst
  • Kystskippar
  • Styrmann
  • Fiskar
  • Trålbas
  • Notbas
  • Kvalitetskontrollør
  • Dekksoffiser
  • Inspektør

Vegen til fagbrev

  1. VG1 Naturbruk (1 år)
  2. VG2 Fiske og Fangst (1 år)
  3. VG3 Lærling (2 år)
  4. Fagbrev i Fiske og fangst

 

 

STCW sertifikat

På Sjøfartsdirektoratet sine heimesider https://www.sdir.no/ finn du oversyn over alle maritime sertifikatkrav.