Industriell matproduksjon

Som lærling skal du kunne behandle og utføre kvalitetskontroll av råvarer, hjelpe- og tilsettingsstoff, mellomprodukt og ferdigvarer. Du skal ha kjennskap til merkeforskrifter og kunne emballere og lagre dei ferdige produkta på ein forsvarleg måte.

 

Opplæringa omfattar sjølve produksjonsprosessen, produksjonsplanlegging og stell og pass av produksjonsutstyret. Du skal og kunne overvake prosessen ved hjelp av informasjonsteknologi. Kvalitetskontroll.

Hygiene og bedriftslære høyrer og med i opplæringa.

 

Som fagoperatør kan du få jobb i bedrifter som driv med næringsmiddelproduksjon, t.d. produksjon av kjøt- og fiskeprodukt, sjokolade og sukkervarer, drikkevarer, meieriprodukt, bakarprodukt og fleire.

 

Arbeidsoppgåvene vil vere mottak av og arbeid med råvarer, bruk av ulikt produksjonsutstyr og avlesing av styrings- regulerings- og måleutstyr. Rapportskriving, behandling og lagring av ferdigvarer og handtering av avfall er og sentrale arbeidsoppgåver. I dette yrket er det viktig at du kan arbeide sjølvstendig, at du er observant og at du har fokus på hygiene. Les meir om matfag

 

Fagplanen finn du her:

Industriell matproduksjon