Matrosfaget

Som matros har du heile verda som arbeidsfelt.

Norsk skipsfart kan delast inn i utanriksfart, offshoreverksemd og innanriks skipsfart. Arbeidet som matros inneheld for ein stor del vakt- og vedlikehaldsarbeid, og oppgåver i samband med lasting og lossing. Bru-vakthald er og ein viktig del av arbeidet, der matrosen assisterer offiseren som er på vakt. I samband med dette må du kunne kommunisere på engelsk.

 

Ein arbeidsplass til sjøs stiller store krav til god helse og vandel. Det blir stilt strenge krav til syn, høyrsel og allmenn helsetilstand.

Dei fleste lærlingar til sjøs må søkje visum til framande land, og skal ein få det, er god vandel ein føresetnad.

 

Måløy vidaregåande skule og Fagskulen i Måløy tilbyr høgt kvalifisert undervisning på dette fagområdet.

 

OKFH si største lærebedrift i Matrosfaget er Fjord1 med sine ferger. Du kan og ta læretida di som matros ombord på ein fiskebåt eller servicebåt om du er motivert for det.

 

For å arbeide som matros på båtar over 500 brt må ein ha gyldig sertifikat fra 01.01.2017.  Dette får ein ved å gå vg2 på ein sertifisert skule og ta læretida si gjennom eit opplæringskontor som er sertifisert og godkjend av Sjøfartsdirektoratet.

OKFH har vært godkjend sida 2014.

 

Fagplanen finn du her:

Matrosfaget

 

STCW sertifikat.

På Sjøfartsdirektoratet sine heimesider finn du oversyn over alle maritime sertifikatkrav.

Les mer.