Vi søker lærlingar til fiskeri- og havbruksnæringane
Som lærling i fiskeri- og havbruksfag får du oppleve hverdagen i en bransje som betyr noe – for både lokalsamfunnet og verden. Søk læreplass og bygg kunnskap og erfaring i et yrke som gir stolthet og framtidsutsikter.








Første tur unnagjort for Henrik! 🐟
Henrik Stevik Vindenes har gått Fiske og fangst ved Måløy vidaregåande skule, og har no fått læreplass om bord på M/S Fanøyvåg.
I dag låg båten ved Måløyterminalen og lossa fangsten. Seinare i dag kjem nytt mannskap om bord, og då blir kursen sett vestover i Nordsjøen igjen.
Dette var den første turen til Henrik som lærling. Han trivst godt om bord og får gode tilbakemeldingar frå fagleg leiar Christian Sundsøy, som også var skipper på denne turen.
No ventar nokre velfortente veker fri før nye eventyr til havs.
Vi ønskjer det påtroppande mannskapet ein god tur og lykke til.🐟🐟🐟🐟
OKFH ønskjer Henrik lykke til vidare i læretida. ... See MoreSee Less
⚓ Oppstart på M/S Rolf Asbjørn ⚓
I dag var vi ombord på M/S Rolf Asbjørn og hadde oppstartssamtale med Dennis Tvedterås som no skal starte på ei toårig læretid som skipsmotormekanikar. Dennis er nok spent, men vi er sikker på at han får ei flott læretid om bord saman med maskinist Artur, som vil bidra med god oppfølging og fagleg rettleiing.
Vi fekk også helse på Jakob Nautvik Gjeldsvik og Petter Nikolai Larsen Moldskred som er lærlinger i fiske og fangst og no klare for ein ny tur. Dei er andreårslærlinger og trivst godt om bord på Rolf Asbjørn.
Vi ønskjer Dennis og resten av mannskapet lykke til og ein riktig god tur! ... See MoreSee Less
Besøk hos lærlingar i Ålesund ⚓🐟
I dag tok vi turen til Ålesund og besøkte to av lærlingane våre.
Vi var ombord i M/B Evander, som er ei ny lærebedrift i OKFH. Her skal Jakub Szwajcer gjennomføre læretida si. Han har gått fiske og fangst ved Campus BLÅ vgs og Ivar Kristiansen er fagleg leiar og skipper ombord.
Vi hadde også oppstartssamtale med Daniel Hatle, som har gått på Hustadvika vgs. Daniel er fiske- og fangstlærling på M/B Argo Junior, der Asle Jørgensen er fagleg leiar og skipper.
Begge lærlingane har allereie vore nokre dagar på sjøen og fortel at dei trivst godt.
No går Evander ut for å dra breiflabbgarna og kjem inn att i morgen. Då blir det også kaisalg av fersk fisk i Ålesund.
Vi ønskjer Jakub og Daniel lukke til vidare i læretida, og takkar lærebedriftene for den gode mottakinga og oppfølginga av lærlingane. 🐟🐟🐟 ... See MoreSee Less
Chris Andre Berg-Vee er matroslærling hos Sjøprodukt på båten Friskfisken. Båten låg til kai I Måløy i dag og vi var innom og hilste på. Chris stortivst ombord og får god faglig oppfølging av faglig leder Geir Jellestad. ... See MoreSee Less