Om OKFH

Vi driv med rekrutteringsarbeid blant ungdom ved å informere om moglegheitene innan fiskerinæringa, og yrke som har tilknyting til denne næringa. Vi informerer og om behova næringane har no, og om korleis vi vurderer utviklinga vidare inn i framtida.

 

Dette gjer vi fordi:

  • Vi vil sikre at vi får folk til å arbeide innan fiskerinæringa i framtida (rekruttering)
  • Vi vil sikre at fisken får rett handsaming frå han vert fanga til han vert seld, slik at kvaliteten vert betre (kvalitetssikring)
  • Vi treng folk som kan selje fisken for best mogleg pris, og som kan finne nye marknadar å selje fisken på (marknadsføring)
  • Vi må utvikle nye måtar å bruke fisken på, og finne nye sortar å fange eller ale opp (produktutvikling)

 

 

Kva kan opplæringskontoret gjere for deg?

  • Fortelje deg om fiskerinæringa, kva yrke som er i denne næringa, og kva framtidsutsikter dei har
  • Vi kan hjelpe til med å finne ei utdanning innan næringa som høver akkurat for deg
  • Du kan skrive lærekontrakt hos oss
  • Om du har lyst tiil å arbeide innan fiskeindustrien i til dømes arbeidsveka eller i ein ferie, så kan vi gje deg tips om kvar du skal henvende deg
  • Lurer du på noko kan du berre ringje oss! Telefonummeret finn du nederst på alle sidene!