Akvakulturfaget

Akvakulturnæringa ønskjer seg mange lærlingar i Vestaland.

Akvakultur er ei næring som set store krav til seg sjølv og dei som arbeider i næringa.

 

Havbruk er avhengig av arbeidskraft med kunnskap på område som:

  • biologi
  • miljø
  • teknologi
  • bedriftslære og
  • økonomi

Vel du vg2 Akvakultur får du slike kunnskapar og dermed kvalifikasjonar for spennande og utfordrande jobbar både i Noreg og internasjonalt.

 

Laks og aure dominerer produksjonen, men det blir drive eit omfattande forskings- og utviklingsarbeid på artar som torsk, kveite, hummar, steinbit og kråkebollar.  Tare er og veldig aktuelt om dagen.

 

 

Aktuelle yrke som fagoperatør i Akvakultur

  • Driftsteknikar
  • Kvalitetsleiar
  • Oppdrettskonsulent
  • Bedriftsleiar
  • Laborant
  • Økonomimedarbeidar
  • Eksportsekretær

Vegen fram til fagbrev og aktuelle yrke

  1. vg1 Naturbruk (1år)
  2. vg2 Akvakultur (1 år)
  3. vg3 Opplæring i bedrift, Akvakulturfaget (2 år)
  4. Fagbrev i Akvakultur

     Alternativ:  5 års praksis - bestått tverrfaglig 

                      eksamen og fagprøve.

 

 

 

 

Les meir på www.vilbli.no